Om lag 30 personar møtte onsdag kveld til informasjonsmøte for generalforsamlinga i Sparebanken DIN Telemark. Her fekk dei ei grundig orientering om den vedtatte fusjonsplanen frå styra Sparebanken DIN Telemark og Drangedal Sparebank. Styreleiar Sveinung Sauar og konstituert banksjef Silje Bakken, begge frå Sparebanken DIN Telemark, presenterte status i prosessen og dei viktigaste punkta frå forhandlingane mellom bankane sidan intensjonsavtalen blei inngått.
Bø i Telemark, 13. november 2025
Representantane fekk blant anna presentert tidslinja for den vidare prosessen, og forhandlingsparten Norne Securities la fram resultatet av forhandlingane og det vedtatte bytteforholdet mellom bankane, slik det òg går fram av børsmeldinga som er sendt ut. Møtet var eit informasjonsmøte, der generalforsamlinga fekk det nødvendige grunnlaget før den endelege avstemminga om fusjonen skal gjerast seinare i år.
– Vi blir ein meir robust bank, med fleire tilsette som kan fokusere på endå betre personleg rådgjeving. Samstundes kan vi i større grad vere med og støtte lokale bedriftsengasjement, sa styreleiar Sveinung Sauar frå Sparebanken DIN Telemark.
Konstituert banksjef Silje Bakken la til:
– Vi forblir i Telemark og vil vidareutvikle lokale og kompetansebaserte arbeidsplassar. Stiftelsane vil få ein ny kvardag, der meir overskot betyr meir tilbake til lokalsamfunna gjennom Sparebankstiftinga Bø, Sparebankstiftinga Seljord og den nye Sparebankstiftinga Drangedal.
Styreleder Sveinung Sauar og kontistuert banksjef Silje Bakken
Den nye banken vil få namnet Telemark Sparebank – eit namn som, ifølgje Bakken, forpliktar:
– Namnet signaliserer at vi ikkje berre skal ta vare på dagens marknadsområde og arbeidsplassar, men også har vekstambisjonar i Telemark.
Neste steg i prosessen er vedtak i generalforsamling og forstanderskap før jul, før saka går vidare til Finanstilsynet for vurdering. Målsetjinga er at Telemark Sparebank blir ein realitet mot sommaren 2026.
Hovedpunkter
- Den sammenslåtte banken får navnet Telemark Sparebank.
- Ved utgangen av 3. kvartal 2025 var bokført egenkapital (justert for hybridkapital) 744 millioner kroner for Drangedal Sparebank og 1 039 millioner kroner for Sparebanken DIN Telemark – til sammen 1 783 millioner kroner.
- Basert på verdijustert egenkapital og resultatmodell er bytteforholdet fastsatt til 41,24 % for Drangedal Sparebank og 58,76 % for Sparebanken DIN Telemark.
- Planlagt ikrafttredelse for fusjonen er 1. juni 2026, med behandling i generalforsamling/forstanderskap den 18. desember 2025.