
Våren er høgsesong for bustadkjøp – difor lønner det seg med tett samarbeid mellom bank og meklar
Når vårsola tittar fram, vaknar bustadmarknaden til liv. Mange ønskjer å selje, og endå fleire er på jakt etter draumeheimen. Då er det gull verdt å ha både ein god rådgjevar i banken og ein lokalkjend eigedomsmeklar på laget – som samarbeider tett for å lose deg trygt gjennom heile prosessen.
I Bø har Sparebanken DIN Telemark og Lokalmegleren & Partners Bø funne tonen i samarbeidet. Rådgjevar Privatmarknad Stian Strand Paulsen og Eigedomsmeklar Frida Henriksveen møter ofte kundar saman – for å gi heilskapleg og trygg rettleiing når bustaddraumen skal realiserast.
– Mange blir overraska over kor mykje det betyr å få finansieringsbevis på plass tidleg i prosessen. Det gir både tryggleik og forhandlingskraft, seier rådgjevar Stian i Sparebanken DIN. – Når vi samarbeider tett med meklaren, kan me stille med raske svar, lokalkunnskap og gode råd tilpassa akkurat din situasjon.
For dei som skal selje, er det også mykje å tenkje på. Korleis førebur ein bustaden for vising? Når lønner det seg å leggje ut for sal? Og kva verdi kan ein forvente?
– Det er her den felles innsatsen verkeleg gjer ein forskjell, meiner eigedomsmeklar Frida i Lokalmegleren & Partners. – Me ser at kundane blir tryggare og meir fornøgde når me og banken speler på lag. Då kan me planleggje salet betre, og gi råd som heng saman – både økonomisk og praktisk.
Med vår i lufta og ny energi i marknaden, er tida inne for å ta steget – anten du skal kjøpe, selje, eller berre vurdere moglegheitene dine. Og med eit lokalt og samkøyrt team i ryggen, har du ein ekstra tryggleik med på vegen.

Ønsker du å selge boligen din?
Vår samarbeidspartner Lokalmegleren & Partners i Bø er din lokale eiendomsmegler i Midt-Telemark, Nome og Vest-Telemark. Sammen sørger vi for en trygg eiendomshandel.
- Bred erfaring
- Lokal kjennskap til ditt nærområde
- Raske avklaringer