Overraska lokale ildsjeler med sponsormidlar
Sparebanken DIN Telemark, i samarbeid med Sparebankstiftinga Seljord, har vore på rundreise for å overraske årets mottakarar av sponsormidlar. Med Silje Bakken, konstituert banksjef i Sparebanken DIN Telemark, i spissen delte banken ut sjekkar til ei rekke lag og foreiningar som bidreg til kultur, fellesskap og aktivitet i lokalsamfunna våre.
I år har banken særleg prioritert kultur- og frivilligmiljø innan korps, revy, dans og breiddeaktivitetar. Desse miljøa skapar ikkje berre opplevingar, men også trygge møteplassar der barn, unge og vaksne kan lære, vekse og vere saman. Mange av laga visste ikkje at dei kom til å få støtte, og gleda var stor då banken kom på besøk med sjekkar og gratulasjonar.
– «Det er inspirerande å sjå kor mykje entusiasme, dugnadsånd og skaparkraft som finst i bygdene våre. Desse laga og foreiningane gjer ein enorm innsats for fellesskapet. Det er ei stor glede for oss å kunne bidra», seier Silje Bakken, konstituert banksjef i Sparebanken DIN Telemark.
Banken ønskjer å rette ei stor takk til alle som legg ned tid, krefter og engasjement for å skape gode aktivitetar og inkluderande møteplassar. Desse initiativa bidreg til levande lokalsamfunn – noko banken er stolt av å få vere ein del av.
Mottakarar av sponsormidlar 2025:
- Flatdal Skulekorps
- Høydalsmo og Lårdal skulekorps
- Seljord og Kviteseid leikarring
- Seljord Skulemusikk
- Seljord Revylag
- Kviteseid Hornmusikk
- Seljord og Kviteseid Swingklubb
- Seljord Kulturskule
- Seljord Røde Kors