Velkomen til barseltreff med fokus på økonomi

Har du nyleg fått barn og kjenner at det dukkar opp mange nye spørsmål – også om økonomi? Då inviterer me til eit heilt nytt og uformelt barseltreff, der me set fokus på økonomi og viktige forsikringar i småbarnsfasen. Ta med den vesle og bli med på ein hyggeleg og nyttig samling saman med andre nybakte foreldre.

På treffet får du enkle og relevante råd om økonomi i kvardagen, sparing til barnet og kva forsikringar det kan vere lurt å ha på plass når familien veks. Arrangementet er gratis, og du treng ikkje vere kunde i banken for å delta – alle nybakte foreldre er hjarteleg velkomne.

Me serverer lunsj, og som ein ekstra glede får alle som møter opp 500 kroner i gåve frå banken, øyremerkt oppstart av fondssparing til barnet*. Hugs å melde deg på – det er begrensa antall plassar.

– Småbarnsfasen er ei tid med mange val, også økonomisk. Me ønskjer å skape ein trygg og uformell møteplass der foreldre kan få god rettleiing og stille spørsmål, utan at det kjennest komplisert, seier Silje Jønnardalen, rådgjevar i banken.

Praktisk informasjon og påmelding

📍 Stad: Brøløsvegen 51 i Seljord (banken i Seljord)

📅 Tidspunkt: Onsdag 25. februar kl. 11 – 13.

🍼 Arrangementet passar for foreldre i permisjon – barn er sjølvsagt velkomne

Gå til påmelding

Lurar du på noko?

Har du spørsmål om arrangementet, er du velkomen til å ta kontakt med:

Silje Jønnardalen
Rådgjevar

📞 Telefon: 974 82 080

✉️ E-post: silje.j@sparebankendin.no

* Gåva på 500 kroner gjeld ved oppstart av fondssparing til barnet. Dersom du ikkje er kunde i banken frå før, må det opprettast kundeforhold og konto i banken for å kunne nytte gåva. Gåva føreset elles oppretting av fondssparing i samsvar med gjeldande vilkår.