Me er her – også når andre har reist
I Vest-Telemark er det kort veg mellom folk. Mellom verksemd og rådgjevar. Mellom spørsmål og svar.
Dei siste åra har mange opplevd at lokale kontor blir lagt ned, og at avgjerder blir tekne lenger unna. For oss i Sparebanken DIN Telemark har det vore endå viktigare å vere til stades – med folk, kompetanse og ansvar lokalt.
Lokale folk – lokal forståing
Våre rådgjevarar jobbar tett på både næringsliv, landbruk og privatkundar i Vest-Telemark. Det betyr at me forstår kvardagen du står i – anten du driv ei verksemd, ein gard eller berre ønskjer betre oversikt over økonomi og forsikring.
Alt på ein plass
Bank, forsikring og rådgjeving heng tett saman. Difor har me valt å samle alt på ein plass – slik at du slepp å forhalde deg til mange aktørar. Hos oss får du éin samtale, med heilskapleg blikk på både risiko, tryggleik og utvikling.
Kortreiste avgjerder
Når noko skjer, er det viktig å få svar raskt.
Hos oss blir avgjerdene tekne her – av folk du kan møte, ringe eller ta ein kaffikopp med.
Ein samtale – heilt uforpliktande
Du treng ikkje ha eit konkret behov for å ta kontakt. Mange startar berre med ein prat – om forsikring, verksemd eller framtidsplanar.
Me er nysgjerrige, nære og hjelpsame – og me er her.