Sparebanken DIN Telemark deler ut heile 22 millionar kroner til allmennyttige føremål

Sparebanken DIN Telemark deler ut heile 22 millionar kroner til allmennyttige føremål i lokalsamfunna banken er ein del av. Frå tysdag 17. mars opnar banken for søknader.

Banken ønskjer særleg å bidra til å få gjennomført større prosjekt med høg samfunnsnytte, brei bruk og langsiktig effekt – mellom anna innan aktivitet, folkehelse, inkludering og nærmiljøutvikling.

På biletet står leiinga i banken med ein symbolsk gavesjekk på 22 millionar kroner – eit tydeleg uttrykk for ønsket banken har om å gje noko tilbake til lokalsamfunna banken er ein del av.

– Dette er ein stor dag for oss i Sparebanken DIN Telemark. Aldri tidlegare har banken, gjennom sine snart 175 år, delt ut eit så stort beløp i gåver. Satsinga gir ei viktig moglegheit til å skape aktivitet, engasjement og utvikling i lokalsamfunna våre, seier banksjef Silje Bakken.

Frå i dag kan søkjarar gå inn på banken si nettside for å lese meir om ordninga, sjå kriterium og sende inn søknad. Søknader frå heile Telemark er velkomne. Samstundes vil gode prosjekt i Midt-Telemark og Seljord, der banken har sitt opphav, bli prioriterte.

I ein periode med pressa kommuneøkonomi vil banken òg oppmode foreldreutval (FAU), støtteforeiningar og liknande til å søkje støtte til dømes skulegardutstyr, sansehagar og andre tiltak som kan bidra til ein meir aktiv kvardag for både unge og eldre, seier Bakken.

Styreleiar Sveinung Sauar i Sparebanken DIN Telemark meiner tildelinga speglar rolla banken har i regionen.

– Sparebanken DIN Telemark skal vere meir enn ein bank. Vi skal vere ein aktiv medspelar for lokalsamfunna våre. Denne ramma på 22 millionar kroner viser både handlekraft og vilje til å bidra der det verkeleg betyr noko, seier styreleiar Sveinung Sauar.

Sparebanken DIN Telemark oppmodar no lag, foreiningar og andre gode initiativ til å sende inn søknad i skjema under.

Søknadsfristen er 17. april 2026.

Kven kan søkje?

  • Frivillige og ideelle organisasjonar
  • Idretts-, kultur- og fritidstiltak
  • Sosiale, humanitære og inkluderande prosjekt
  • Utdanning, kompetansehevande tiltak og forsking
  • Samfunnsnyttige nærings- og utviklingstiltak, føresett at nytten er brei og ikkje retta mot enkeltbedrifter eller enkeltpersonar

Gåver blir normalt ikkje gitt til:

  • Enkeltpersonar
  • Kommersielle verksemder til ordinær drift eller investeringar