Val til Generalforsamling i Sparebankstiftinga Bø

Bli med i valet til generalforsamlinga i Sparebankstiftinga Bø!

Er du kunde i Sparebanken DIN Telemark og har bustadresse i Midt-Telemark kommune kan du no vera med å velje nye medlemmer til generalforsamlinga i Sparebankstiftinga Bø. Vi oppfordrar alle kundar om å delta i valet! Sparebankstiftinga Bø er saman med Sparebankstiftinga Seljord hovudeigar av Sparebanken DIN Telemark.

To av dei viktigaste oppgåvene for stiftinga er å forvalte eigarskapen av banken på ein god måte, og dele ut gåvemidlar til allmennyttige tiltak frå overskotet av bankdrifta. Stiftinga sitt øvste organ er generalforsamlinga, og det er kundane i banken som vel representantane til generalforsamlinga.

Valet vert gjort elektronisk i perioden torsdag 08. – torsdag 15. februar kl. 24.00.

Generalforsamlinga sine oppgåver kan du lese om i vedtektene som du finn stiftinga si heimeside, sjå faktaboks.

Du kan lese meir om våre to stiftingar her

Fekk du med deg at våre to stiftingar feira 10 år?

Hausten 2023 markera våre eigarar 10 år som eigne stiftingar med fest i både Seljord og Bø.