Sparebankstiftingane feira 10 år

Når våre eigarar fyller 10 år, fyller vi opp storstuene i Seljord og Bø. Granvin- og Gullbring kulturhus var stadane å være i november, når over 1,5 millionar skulle delast ut til lokale lag og organisasjonar. To flotte feiringar med musikalske innslag og god servering markera dei første 10 åra etter fusjonen av Seljord sparebank og Bø sparebank.

Samstundes med etableringa av Sparebanken DIN i 2013 vart dei to stiftingane Sparebankstiftinga Bø og Sparebankstiftinga Seljord oppretta for å tryggja lokalt eigarskap og sikra at overskotet til banken skulle bli verande i lokalmiljøet. Dei to stiftingane eig banken saman og deler overskotet som blir gjort tilgjengeleg for utdeling til lokale lag og organisasjonar. Det er stiftingane sjølve som avgjer fordelinga av midlane som skal delast ut.

For å markere at stiftingane no er 10 år, vart det feira både på Granvin kulturhus i Seljord og i Gullbring kulturhus i Bø. Kveldane inneheldt lokale musikalske innslag og noko for både store og små. Flotte framføringar frå Seljord Skulekorps, Hjartdal Skulemusikk, Bø Skulemusikk, Bø juniorspelemannslag, Anne Fagermo, Sigrid Aase med fleire. Sveinung Myljomtveit (Leif Aril Sanden) leia oss trygt og godt gjennom begge jubilea på sin særeigne måte. Talar frå ordførarar, banksjef og styreleiarar i stiftingane vart haldne, der det vart sagt mange lovord og lovnader om meir støtte i åra som kjem.



Stiftingane delte ut gåvemidlar til fleire lag og organisasjonar desse kveldane, og mottakarane med størst tildeling vart inviterte opp på scenen. Det vart delt ut om lag 1,5 millionar kroner frå banken sitt overskot, rett tilbake til barn og unge, pensjonistar, engasjerte frivillige, kommunen sin kontingentkasse og mange fleire. Dette var flotte markeringar der ein verkeleg synleggjer kva det betyr å kunne få slike midlar tilbake i lokalmiljøa.



Etter alle dei herlege innslaga vart det servert nydelege kaker frå Aasmundsens bakeri, brus og kaffe til alle som møtte opp. Gledeleg at om lag 500 personar møtte opp til saman på dei to dagane.

Sparebanken DIN Telemark takkar for samarbeidet med dei to stiftingane dei første 10 åra og håpar å kunna bidra med enda meir midlar i åra som kjem.

 

Vil du vite mer om våre stiftelser?

Våre to eiere deler hvert år ut millioner av kroner tilbake til lokalmiljøet, slik at du og dine kan drive med fritidsaktiviteter, hobbyer, skape relasjoner og gode stunder.