
Trygg og klar for ferie? Dette bør du hugse før du reiser
Sola varmar, kofferten er snart pakka, og feriestemninga stig. Men før du set deg på flyet eller legg ut på biltur, er det nokre viktige ting du bør ha kontroll på. Ei god sjekkliste kan vere nøkkelen til ei trygg og avslappa ferieoppleving.
Før du reiser, må du sjekke at passet ditt er gyldig – mange land krev at passet er gyldig i fleire månader etter innreise. Sjekk også om du treng visum til reisemålet ditt. Har du tenkt deg til eit land i EU eller EØS, kan det vere lurt å ha med europeisk helsetrygdkort.
– Ikkje minst er det viktig å ha ei god reiseforsikring som dekkjer både sjukdom, avbestilling og eventuelt tjuveri, seier Lena Stadskleiv, rådgjevar i Sparebanken DIN Telemark.
Kort og kontantar
Det er lurt å ta med både kredittkort og bankkort.
– Nokre land har framleis mange kontantbetalingar, så det kan vere nyttig å ha litt lokal valuta tilgjengeleg, spesielt når du kjem fram og kanskje treng taxi eller noko å ete, påpeikar Lena.
Helse og tryggleik
Dersom du treng medisinar, må du hugse å ha med nok for heile opphaldet, gjerne med dokumentasjon frå lege. Sjekk også om du treng vaksinar i forkant av reisa.
I tillegg til å pakke det du treng, kan det vere smart å informere naboane dine om at du er borte, sikre bustaden og legge inn nødvendige telefonnummer til bank, forsikringsselskap og ambassade.
Praktiske råd før avreise
Last ned relevante reiseappar – som Reiseklar frå Utenriksdepartementet – og registrer deg gjerne på reiseregistrering.no. Då får du viktig informasjon dersom noko skulle skje i landet du besøker.
– Med litt førebuing på førehand, blir ferien mykje betre. Då kan du senke skuldrene og verkeleg nyte fridagane, avsluttar Lena Stadskleiv.
