Ledig stilling - Kunderådgjevar Privatmarknad

Bli med å skape gode kvardagar i Telemark!

Sparebanken DIN Telemark søker ein nysgjerrig, nær og hjelpsam Rådgjevar Privatmarknad til kontoret vårt i Åmot. Me er banken som bryr oss om heile Telemark – #HeileTelemarksLokalbank – og no ser me etter deg som vil vere med på laget og bidra til vekst og trivsel for kundane våre.

Om stillinga

Som rådgjevar hos oss vil du få ei viktig rolle i å skape gode kundeopplevingar gjennom sal og rådgjeving av bankens tenester. Me ser etter deg som tek initiativ, likar å bygge relasjonar og motiverast av å skape resultat – både for kundane og banken.

Me tilbyr deg:

  • Spennande arbeidsoppgåver i eit hyggeleg miljø
  • Konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Moglegheit til å bidra til betre kvardagar for folk i Vest-Telemark

Arbeidsoppgåver:

  • Skape gode kundeopplevingar gjennom sal og rådgiving
  • Opparbeide og utvikle eigen kundeportefølje
  • Jobbe proaktivt mot nye og eksisterande kundar
  • Bidra til å nå vekstmål for kontoret og banken

Me ser etter deg som har:

  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
  • Relevant utdanning frå høgskule eller universitet
  • Erfaring frå bank, forsikring eller sal/rådgjeving er ein fordel

Personlege eigenskapar vi set pris på:

  • Strukturert, resultatorientert og sjølvstendig
  • Positiv, nysgjerrig og initiativrik
  • Lagspelar med interesse for personleg økonomi
 

Om Sparebanken DIN Telemark

Me er ein lokal, utviklingsorientert sparebank med hovudkontor i Vest-Telemark. Banken har i dag 49 tilsette, ein forretningskapital på 8,2 milliardar kroner, og kontor i Åmot, Seljord, Bø, Notodden og Skien. Saman skaper me gode kvardagar i heile Telemark!